Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Vårtur til Dovre

26. mai 2023 - 29. mai 2023

Bli med til Dovrefjell i slutten av mai. Dette er perioden da vi naturfotografar kan oppleve både mogopblomstring, blåstrupe, storlom og ikkje minst moskus! Vi skal overnatte på Dovregubbens hall sentralt plassert på Dovrefjell.

Vi har sikra oss moskusguiden Knut Inge Røstad til å guide oss på moskus på laurdag. Guiden gjeng på forhånd gjennom terrenget og lokaliserar passande dyr for oss. Dette aukar sansynlegheta for å få gode motiver og aukar sikkerheten vår. Vi kan også risikere å få meir kunnskap om moskusen. Moskusguidinga er heilt frivillig, men du må oppgje ved påmelding om du vil vera med på det.

Sundag eller mondag morgon – avhengig av været – legg vi oss til i kamuflasje ved ei passande elv/vatn og ventar på storlomen. Vi må leggje oss til i god tid før soloppgang og heile seansen tar 2-3 timar. Tenk over om du har lyst til å vera med på dette, så avklarar vi kven som vil vera med i starten av opphaldet.

Resten av langhelga oppsøker vi kjende lokalitetar for mogop og blåstrupe. Og eventuelt andre interessante ting som f.eks ulike andefuglar, Fokstumyra naturreservat…osv.

 

Program

Fredag: ankomst + utflukter på eige initiativ
Laurdag: felles moskusguiding heile dagen, felles middag
Sundag: storlom, mogopp og blåstrupe
Mandag: storlom, mogopp og blåstrupe, heimreise.

Pris

Overnatting:
I hytte eller leilighet – ca 1500,- pr pers for heile helga, litt avhengig av kor mange vi blir.

Om du treng einerom får du dette + frokost for kr 3600,- for heile opphaldet. Men det er få einerom igjen, så behovet må meldast kjapt!

Moskusguiding:
Prisen er avhengig av kor mange som blir med på guidinga. Her er prisane – med Biofotorabatt:

  • 4 – 6 personer: 1400,- pr. pers.
  • 7 – 10 personer: 1200,- pr. pers.
  • 11 – 15 personer: 1000,- pr pers.

Ta med

  • Nok mat til heile oppholdet med unntak av laurdag, da vi et felles middag
  • Kikkert
  • Tele, makro og normalzoom, avhengig av interesser, sjølvsagt:-)
  • Klær etter forholda – det kan fort bli kaldt!

Dersom du skal vera med på morgonfotografering av storlom treng du:

    • Fora duk av typen Jerven eller liknade som du kan ligge inne i (absolutt nødvendig)
    • Liggeunderlag  (absolutt nødvendig)
    • Gjerne ein ekstra kamuflasjeduk i tillegg
    • Hanskar i mørke/duse farger som du kan betjene kameraet med
    • Balaklava/finlandshette i mørke duse farger eller kamuflasjelue som skjular ansiktet ditt
    • Noko til å støtte opp kamera + objektiv. F.eks beanbag eller liknande.

Påmelding

Påmeldingsfisten er 11. mai. Frå og med denne datoen er påmeldinga bindande.
Maksimalt antall er 15 personar – her er det fyrstemann til mølla.
Send epost til maholms@online.no – og oppgjev:

  • Navn
  • Epost
  • Mobilnr
  • Om du vil vera med på moskusguiding laurdag

Turleiarar er Rine G. Carlsen og Margrethe Holmsen. Ta kontakt med Rine på tlf 906 53 358 om du lurar på noko.

Velkommen til vårtur på Dovrefjell!

Detaljer

Start:
26. mai 2023
Slutt:
29. mai 2023
Kategori for Arrangement:

Sted

Dovre
Hjerkinn, Norge
Klikk her for å gå til BioFoto Østlandet nettside.